Now hiring

Controller med driftsoppgåver @ Nav

FørdeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å gjere ein forskjell?Vi har ledig ei 100 % fast stilling som controller med tilleggsoppgåver innan drift ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Vår noverande controller skal pensjonere seg, og vi ser etter ein erstattar som kan vere med å vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa i verksemda. Om lag halvparten av av stillinga vil vere knytt til controlleroppgåver som økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og styringsinformasjon. Resterande del av stillinga vil omfatte drifts-, stabs- og utviklingsoppgåver, mellom anna innan eigedomsforvaltning, organisasjonsutvikling (HR), internkontroll og andre område etter verksemda sine behov. Du vil inngå og bidra i nasjonale fagnettverk saman med andre hjelpemiddelsentralar, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsutveksling.Har du høgare utdanning og erfaring innan økonomi, og interesse for statistikk, analyse og styringsinformasjon? Er du oppteken av kvalitet, struktur og kontinuerleg forbetring? Då kan dette vere stillinga for deg.Om Nav hjelpemiddelsentral Vestland, FørdeNav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er lokalisert i Førde og er organisert i to avdelingar med 36 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i Sogn og Fjordane.Vi hjelper kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring. Som ressurs- og kompetansesenter arbeider vi tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging på arenaer som heim, skule, arbeid og fritid. Vi har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, eige lager, teknisk verkstad, gjenbrukstenester og ambulerande tekniske tenester som bidreg til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv.Om Nav hjelpemiddel og tilretteleggingNav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking. Gjennom tett tverrfagleg samarbeid bistår vi brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgiving, opplæring og tilrettelegging som gjer kvardagen enklare for mange menneske.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores