Now hiring

Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus? @ Helse Bergen HF, Personal- og organisasjonsavdelingen

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bemanningssenteret treng fleire tilsette til vårt Ressursteam og har ledig 100% fast stilling. Som medarbeidar i Ressursteamet vil du dekke viktige arbeidsområde i driftsavdelingane på sjukehuset. Medarbeidarar som blir tilsett får opplæring i arbeid ved Hospitaldrift Reinhald, café, Matforsyning og Vaskeri. Dei som blir tilsett vil få god opplæring og skal jobbe innan alle desse fagområda, ut frå dei behova som blir meldt til Bemanningssenteret. Dette er ein stilling med mykje variasjon i arbeidet og kor ein får god innsikt i drifta i sjukehuset.På oppdrag frå Hospitaldrift planlegg Bemanningssenteret kor vikarane til ei kvar tid skal arbeide. Medarbeidarane har fast turnus med arbeidstid 07.00-15.00, og pt arbeid kvar 4. helg.Vikarane våre er viktige arbeidstakarar i Hospitaldrift og vi søker deg som sett store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Stor variasjon i arbeidet og fleire arbeidsstader krev svært gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner. Arbeidet kan vere fysisk krevande og krev god helse. Det er ein fordel med erfaring frå fleire av fagområda i Hospitaldrift.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores