Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar - vikariat @ Giske kommune, Godøy skule

GodøyaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig eit vikariat i 80-100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Godøy skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld fram til skuleslutt i juni 2027. Stillinga følgjer hovudsakleg skuleruta (arbeidsåret for eit heilt skuleår er 37,5 t/v i 39 veker med avkorta løn til 89 % i full stilling).Godøy skule er ein 1 – 7 skule med 126 elevar. Rundt 50 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med. Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.Det er krav om politiattest av ny dato.Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores