About this role
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar er viktig. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet, og det er viktig å kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre! Vi søker sjukepleiar/vernepleier/helsefagarbeidar/ til heimetenesta. Vi ynskjer oss flere sjukepleiar / vernepleier/ helsefagarbeidar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåverDet er for tiden flere vakante stillinger i heimetenesta i Fyresdal kommune. Bland annet 100% fast stilling (sykepleier/vernepleier), 70% fast (Helsefagarbeider), 13,8% fast hver 3:e helg (Helsefagarbeider) og tilkallingsvikar for sykepleier / vernepleier / helsefagarbeider.Intervju blir gjennomførte fortløpande. Den som får tilbod om stilling, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.