About this role
I Nav Region Voss og Hardanger arbeider vi kvar dag for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.Hos oss møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til betre psykisk helse, meistring og livskvalitet.No søkjer vi ein IPS-jobbspesialist som ønskjer å vere med på dette viktige samfunnsoppdraget.Kan det vere deg?Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan arbeidsinkludering og tett samarbeid mellom helse- og arbeidstenester. Saman arbeider vi målretta for å finne moglegheiter framfor avgrensingar og skape varige resultat for menneske som treng støtte på vegen inn i arbeidslivet.Hos oss får du kombinere relasjonsbygging, fagleg arbeid og samfunnsengasjement i ei rolle der du faktisk kan sjå forskjellen du gjer for andre.Om stillingaDette er ei variert og sjølvstendig rolle der du arbeider tett på menneske som ønskjer å kome i arbeid, samtidig som du byggjer relasjonar med arbeidsgjevarar og samarbeider med fagmiljø innan helse og Nav. Arbeidshverdagen er oppsøkjande, dynamisk og prega av tett kontakt med både deltakarar, samarbeidspartnarar og lokalt arbeidsliv.Stillinga er delt mellom Bjørkeli DPS på Voss og Fonna DPS i Odda, og omfattar deltakarar frå kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.Du jobbar etter metoden Individual Placement and Support (IPS), ein kunnskapsbasert metode for arbeidsinkludering av personar med psykiske helseutfordringar. Målet er å hjelpe fleire inn i arbeidslivet og vidare i livet gjennom arbeid.