About this role
Haukeland universitetssjukehus sitt kurs- og konferansesenter i Bikuben har en unik beliggenhet midt i Haukelandsparken. Senteret er på om lag 1600 m² og har kapasitet til 350 deltakarar. Her finn du moderne kurs- og møterom, mingleareal med utsikt mot byfjella og kaffebuffeer for deltakarane våre.Kurs- og konferansesenteret skal bidra til profesjonell og god gjennomføring av kurs, møte, seminarar og konferansar ved Haukeland universitetssjukehus. Bikuben ønsker å vere ein viktig møteplass og arena der dei tilsette møtast på tvers av klinikkar, fagområde og profesjonar.Vi søker ein allsidig og serviceinnstilt kurskonsulent i 100% fast stilling. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer praktisk tilrettelegging, service, logistikk og teknisk støtte. Vi ser etter deg som trivst med høgt aktivitetsnivå, tar ansvar og likar å bidra til gode opplevingar for både arrangørar og deltakarar.