About this role
To faste 100% tannlegestillingar er ledig på Sunndalsøra på Nordmøre.Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.Distriktstannklinikken ligg i sentrum av Sunndalsøra, i Sunndal kommune. Klinikken har overtannlegen i kompetanseregionen, to tannlegar, ein tannpleiar og tre tannhelsesekretærar. Sunndal er ein stor industri- og kraftkommune, omkransa av vill og vakker natur. Kommunen har mykje å tilby av aktivitetar og attraksjonar heile året, med gode kultur- og fritidstilbod. Kommunen ligg i kort avstand til både Kristiansund, Molde og Oppdal. (Les meir på: www.sunndal.com/no/).