Now hiring

Modellutviklar innanfor makroøkonomi @ Statistisk sentralbyrå

OsloOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vera med å talfeste korleis norsk økonomi fungerer? Forskinga vår bidreg til å danne grunnlaget for økonomisk politikk i departementa og er viktig for samfunnsdebatten. Ei særleg viktig oppgåve for forskingsavdelinga i SSB er utvikling, vedlikehald og bruk av økonomiske modellar i forsking og analyse. Modellane blir finansierte i hovudsak av Finansdepartementet og dekkjer fagområda makroøkonomi, offentlege finansar på lang sikt, skatt, arbeidsmarknad, befolkningsframskrivingar og miljøøkonomi. Både modellane og SSB sine analysar vert brukte av Regjeringa, sentralforvaltninga og partane i arbeidslivet i deira planleggingsarbeid. I forskingsavdelinga, gruppe for makroøkonomi, er det ledig ei fast stilling som modellutviklar. Stillinga inneber blant anna å modernisera infrastrukturen som ligg til grunn for makromodellane. Du vil bli ein del av eit breitt teknologimiljø i SSB og samarbeide med utviklarar og andre tekniske fagmiljø på tvers av organisasjonen. Eit viktig ansvar vil vere å utvikle robuste og godt dokumenterte løysingar for dataflyt, modellkøyring og analyseproduksjon. Stillinga vil òg knytast opp til aktuelle analyseprosjekt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores