Now hiring

Ledig stilling som sjukepleiar i Heimetenesta Skodje @ Ålesund kommune

SkodjeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I distriktet Skodje, har vi ledig to fast stillingar som sjukepleiar i heimetenesta, 90 % og 95 %. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Tiltreding frå snarast. Ved overgang til årsturnus (2027) kan det vere moglegheit for høgare stillingsprosent. Verksemda har midlertidig økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar. Heimetenesta yt tenester til pasientar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad, dette inkluderer Ådalen Allé 6, som er omsorgsbustadar med heildøgns omsorg. Det er stor variasjon i pasientgruppa, frå relativt friske pasientar, til alvorleg sjuke pasientar som krev høg fagleg kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester til pasientar i deira eige og trygge miljø. Heimetenseta nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsbustadar, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og kjøkken.Det blir nytta kommunale bilar i tenesta. Desse er stasjonert i eigen carport ved kontorbasen.Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og meir urbane strøk. I nærområdet kan ein finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og kjøpesenter like i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.Lokalmiljøet i Skodje er godt tilrettelagt for alle aldrar. Der er barne- og ungdomsskular, fleire barnehagar, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor, korps osv.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores