Now hiring

Solund kommune har ledig 27% fast stilling som reinhaldar med moglegheit for utvida stilling @ SOLUND BARNE- OG UNGDOMSSKULE AVD SFO

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Arbeidsstad er på Solund sin nye flotte ungdomsskule, tysdagar og torsdagar- arbeidstida kan avklarast med leiar. Kvalifikasjonar: har relevant arbeidserfaring ønskjeleg med fagbrev som reinhaldar, men ikkje eit krav gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar: Vi søkjer ein person som er ansvarleg, sjølvstendig, lærevillig, løysingsorientert og fleksibel. Vi tilbyr: Løn etter tariff God pensjonsordning i KLP God opplæring og oppfølging Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader. Godkjent politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga. Offentleg søkjarliste Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Velkomen som søkjar! Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores