About this role
Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag! Nav Giske har eit ledig vikariat i 100% stilling. Vikariatet er ledig omgående og gjeld til 31.10.2027. Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i bemanning av publikumsmottaket. Nav Giske består av 15 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar, og vi legg stor vekt på brukarmedverknad og samhandling. Gjennom innsatsen vår får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og sikre eiga inntekt. Vi tilbyr tenester til kommunen sine om lag 8 800 innbyggjarar og er ein innovativ og framtidsretta tenesteleverandør. Gjennom brukarmedverknad, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap, få fleire i arbeid og sikre ein velfungerande arbeidsmarknad. I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden. Arbeidsoppgåver Heilskapleg arbeidsretta oppfølging av brukarar Saksbehandling etter relevant lovverk innafor Nav sine kommunale og statlege ansvarsområde Oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med fokus på arbeid, meistring og inkludering i arbeidslivet Gi råd og rettleiing, også innan privatøkonomi Byggje gode relasjonar og samarbeide med næringsliv og andre aktuelle samarbeidspartnarar Delta i kontoret sine fellesoppgåver Nav-kontoret er i stadig endring og utvikling, og ein må rekne med endringar i arbeidsoppgåver ut frå hehov. Kvalifikasjonar Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helse- og sosialfag eller samfunnsfag. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Rettleiingskompetanse frå studiar og/eller praksis Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, minimum nivå B2 God digital kompetanse og evne til å raskt setje deg inn i nye fagsystem God relasjonskompetanse Det er i tillegg ønskeleg at du har: Forståing av Nav si rolle i samfunnet Grunnleggjande økonomisk forståing/privatøkonomi Erfaring frå tverrfagleg samarbeid Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område Erfaring frå saksbehandling og tolking av lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Du er ein relasjonsbyggar som evnar å skape tillit, kontakt og motivasjon hos brukarar i vanskelege livssituasjonar Du er ein trygg og tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evner å gjennomføre Du arbeider resultatorientert og er oppteken av kvalitet Du bidreg til eit godt og utviklande arbeidsmiljø Du arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert Du evner å sjå heilskap og handtere eit breitt spekter av oppgåver Personlege eigenskapar og erfaring med arbeid i Nav vil bli vektlagt Vi tilbyr Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde Eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer Fagleg og personleg utvikling Fleksitidsordning Løn og tilsetjing på kommunale vilkår KontaktinformasjonTone Mette Lorgen Johnsen, leiar Nav Giske, +47 95872214 ArbeidsstadValderhaug 4 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5173381565 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.10.2027 Søknadsfrist: 15.09.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.