Now hiring

Kokk/kokekyndig @ BREMANGER SJUKEHEIM

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Bremanger kommune, for tida ved institusjonskjøkkena, er det ledig eit 100 % vikariat som kokk/kokekyndig frå snarast, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som har interesse for matfaget og som ønskjer å bidra til gode måltid og ein triveleg kvardag for bebuarane våre. Arbeidsoppgåver Dagleg ansvar for kvalitet og koordinering av tenestene Ansvar for kontinuerleg kvalitetssikring og skal delta i utviklinga av kvalitetsmål innan driftseininga Delta i utarbeiding av turnusplanar Samarbeide med andre faggrupper i kommunen Sikre kvaliteten i den direkte tenesteytinga Halde seg oppdatert på utviklinga i fagfeltet og bringe ny kunnskap inn i eininga Oppgåver kan verte endra Kvalifikasjonar Fagbrev innan kokkefaget Gode kommunikasjon - og samhandlingsevner Løysingsorientert lagspelar som kan arbeide under press Kan motivere og inspirere medarbeidarar Datakunnskap Kan arbeide sjølvstendig, likar utfordringar og har stor arbeidskapasitet Er ryddig, serviceinnstilt og fleksibel Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar For oss er det viktig at du trivast å jobbe ilag med andre menneske, og at du ønskjer å gjere ditt beste for våre pasientar. Bebuarane har ulike medisinske utfordringar, kor ernæring er ein viktig del av behandlinga. Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonEvy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944 ArbeidsstadGamlevegen 59 6729 Kalvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5173972523 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 20.09.2026 Om arbeidsgiveren: Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve? Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute. Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores