Now hiring

Seniorrådgivar @ NAV SOGNDAL

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn Om Nav region Sogn Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen. Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng. Vil du vere med å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet? Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal. Kva går jobben ut på? koordinere og vidareutvikle marknadsarbeidet i Nav region Sogn i tråd med nasjonale satsingar innan arbeidsinkludering byggje og vidareutvikle relasjonar til arbeidsgivarar og næringsliv i regionen, samt kartleggje arbeidsgivarane sine kompetanse- og rekrutteringsbehov planlegge og gjennomføre minijobbmesser, WorkOp, informasjonsmøte og andre rekrutteringsaktivitetar samarbeide tett med leiarar, rådgjevarar og regionale fagteam i Nav region Sogn vere kontaktperson mot bedrifter ved permittering, nedbemanning og omstilling delta i fylkesvise og nasjonale marknadsnettverk og samarbeide med kommunar, fylkeskommunen, opplæring- /utdanningsmiljø og andre samarbeidspartar Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. erfaring frå arbeid med arbeidsgivarar, rekruttering eller arbeidsmarknadsarbeid god forståing for arbeidsmarknaden og arbeidsgivarane sine behov gode digitale ferdigheiter god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk førarkort klasse B Det er ein fordel om du har erfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeid erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid kjennskap til næringslivet i Sogn Kven er du? byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaer tek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiter deler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrkje det arbeidsgivarretta arbeidet får med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar Kvifor velje oss? spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida løn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå kr 694.000 - 729.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse KontaktinformasjonJonas Grotle Førde, Nav-leiar Vik, 97614679, [email protected] Rigmor Wathne, Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr, 47286676, [email protected] ArbeidsstedSognefjordvegen 56 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5172555856 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.09.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores