About this role
Vi har ledig fleire faste helgestillingar som helsefagarbeidar i heimebasert omsorg, Valderøy omsorgsdistrikt. Sjukepleiestudenter og andre er også velkomne som søkjarar. Giske kommune har eiga stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar som ein ev. kan inngå avtale om. Stillingsprosentane kan vere ulike, men alle stillingane inngår i turnus og er ledige frå snarast. I tillegg til formell utdanning og praksis, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Det er krav om politiattest av ny dato. Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden. Arbeidsoppgåver Vanlege oppgåver innan pleie og omsorg. Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning. Sjukepleiestudentar og andre kan også søkje stillingane, men vil då ikkje kunne få fast tilsetjing. God digital kompetanse. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Sertifikat for bil. Personlege eigenskapar Fleksibel og løysingsorientert. Gode samarbeidsevner. Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Lokal stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar. KontaktinformasjonLindis Honningsvåg, avdelingsleiar, 91875724 Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314 Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535 ArbeidsstadValderøya 6050 VALDERØYA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5174751797 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.