Now hiring

Helsesjukepleiar @ HERØY KOMMUNE HELSESTASJON

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helsesjukepleiar 100 % vikariat med moglegheit for fast tilsetjing Vil du vere med og bidra til god helse, meistring og trivsel for barn og ungdom? Herøy kommune har ledig eit 100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta frå snarast og fram til 19.06.2027, med moglegheit for fast tilsetjing. Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein viktig del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn og unge. Som helsesjukepleiar vil du arbeide i både barne- og ungdomsskule og vere ein viktig støttespelar for elevar, føresette og samarbeidspartnarar. Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule og ungdomsskule, men oppgåver kan bli endra innanfor område som ligg til seksjonen. Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon psykisk helse og rus og seksjon rehabilitering. Seksjonen har 10 årsverk. Herøy kommune nyttar BTS-modellen (Betre tverrfagleg samhandling) som er eit sentralt verktøy i kommunen sitt daglege arbeid og i det kontinuerlege utviklingsarbeidet av tenestene. Arbeidsoppgåver helsefremjande og førebyggande arbeid i skulehelsetenesta individuelle samtalar og oppfølging av elevar helsesamtalar og helseundersøkingar etter nasjonale retningslinjer rettleiing og rådgjeving til elevar og føresette tverrfagleg samarbeid med skule, fastlegar og andre relevante tenester vaksinering i tråd med "Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram" delta i utvikling av tenesta andre oppgåver kan kome til Kvalifikasjonar autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar andre med relevant kompetanse kan bli vurdert minimum bachelor i helse- og sosialfag god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk du må ha førerkort klasse B og disponere eigen bil Det må leggast fram godkjent politiattest før tilsetting. Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden Personlege eigenskapar du er fagleg engasjert og sjølvstendig du må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig, samstundes som du arbeider godt i team du er trygg i møte med barn, ungdom og føresette du er fleksibel, løysingsorientert og god til å prioritere daglege oppgåver du er ansvarsbevisst og toler å stå i krevjande situasjonar vi verdset evna til å skape trivsel, inspirere og bidra til eit stygt og støttande arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagd i stor grad. Vi tilbyr spanande og meiningsfulle oppgåver med moglegheit til å påvirke tenesta dyktige og engasjerte kollegaer eit tverrfagleg fagmiljø med stort engasjement gode moglegheiter til å påvirke og utforme eige arbeid dagarbeid med fleksitidsordning god forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP IA-bedrift løn etter gjeldande avtaleverk moglegheit for sletting av studiegjeld med inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning for kommunar i sentralitetsgruppe 5 Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. KontaktinformasjonJanita Westbø Remøy, Seksjonsleiar seksjon førebyggjande, +47 41693740 ArbeidsstadEggesbøvegen 11 6092 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5167963490 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 19.06.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores