Now hiring

Barnehagelærar @ KVAM HERAD SKULESJEFENS KONTOR

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Brenn du for å skapa gode oppvekstvilkår for barn? Som barnehagelærar hos oss får du vera med på å utvikla eit trygt, inkluderande og læringsrikt miljø der kvart barn får høve til å veksa, meistra og trivast. Ledige stillingar i Bjørketeigen og Sjydnahaugen barnehage 100 % barnehagelærar i Bjørketeigen barnehage - frå snarast. 100 % barnehagelærar i Sjydnahaugen barnehage - frå 01.11.26. Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/ Arbeidsoppgåver Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål Skapa ein god barnehagekvardag for alle Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar Rettleia, involvera og motivera Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar Delta i leiarteam ved behov Bidra til pedagogisk utvikling Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen Kvalifikasjonar Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Jf. barnehagelova må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Ha eit positivt barnesyn Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse Visa endringsvilje og vera løysingsorientert Samarbeida godt med andre Gode kommunikasjonsevner Me tilbyr Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid) Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar Arbeidskle Godt og fagleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsdagar Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonAnn-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904 Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183 Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755 ArbeidsstadVavollen 137 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5170285838 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 17.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores