Now hiring

Barnehagelærar på Stadlandet @ STAD KOMMUNE LEIKVANG BARNEHAGE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig ei 100 % fast stilling og inntil 100 % vikariat i Leikvang barnehage. Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområde. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har tre avdelingar; ei småbarnsavdeling med barn 1-3 år og to storbarnsavdelingar med born 3-5 år. Det er om lag 58 born og 15 tilsette i barnehagen. Vi ønskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette Vi ønskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt Vi ønskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor Å gi barna ein trygg og god barndom, skape gode relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne er viktig. Målet vårt er å saman med foreldra å gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Arbeidsoppgåver Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna Samarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnarar Samarbeide med øvrige tilsette Rettleiingsansvar for øvrige tilsette Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar Andre søkjarar med relevant høgskuleutdanning, fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget eller relevant erfaring kan verte vurderte. Personlege eigenskapar Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du har evne til å handtere ei større barnegruppe Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn Vi tilbyr Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar Godt og nært fagleg samarbeid Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket Gode pensjons- og forsikringsordningar Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Evy Henriette Hagen på tlf 90 96 37 35. KontaktinformasjonEvy Henriette Hagen, Styrar Leikvang barnehage, 90 96 37 35, [email protected] ArbeidsstadFv620 100 6750 Stadlandet Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5171522478 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 16.09.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores