About this role
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund og har om lag 22 400 innbyggarar. Kommunen vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen. Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi søker deg som er engasjert i barn og unge sin oppvekst, og som ønsker å bidra til trygge og gode livsvilkår for barn og familiar i Sunnfjord. Du tør å stå i krevjande situasjonar, bygge relasjonar og møte menneske i sårbare livssituasjonar med respekt og tydelegheit. Sunnfjord barnevern har 29,5 årsverk og har arbeidsstad på rådhuset i Førde. Vi er organisert etter ein spesialistmodell med eit undersøkingsteam, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar. Vi har ledig: 2x100 % vikariat som kontaktperson f.o.m. 04.01.27 - 04.01.28 Begge stillingane er per i dag knytt til undersøkingsteamet. Det kan skje endringar i organisering, bemanning og oppgåvefordeling i løpet av vikariatperioden, og arbeidsoppgåvene kan derfor bli endra i tråd med tenesta sine behov. Arbeidsoppgåver og ansvarsområde er: sakshandsaming etter barnevernlova og anna relevant regelverk planlegge og gjennomføre undersøkingar av bekymringsmeldingar kartlegge og undersøke barn og familiar sitt behov for hjelp etter lov om barnevern bygge tillit og kommunisere effektivt med barn, foreldre og nettverk i sårbare situasjonar gjennomføre samtalar med barn og forvalte deira synspunkt samarbeide tett med eksterne instansar (t.d. skule/barnehage, politi, helse) og ha god oversikt over kommunens instansar og tilbod gjere analysar og vurderingar kring barnets beste grundig dokumentasjon av arbeidet i fagsystemet Modulus Barn førebu saker og møte som partsrepresentant i Barnevern- og helsenemnda og andre rettsinstansar samarbeide med andre team i tenesta delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse- og fagutvikling i tenesta akuttarbeid Noko reiseverksemd og arbeid utover vanleg arbeidstid (ettermiddag-/kveld) må påreknast. Kvalifikasjonar: bachelor i barnevern eller sosialt arbeid anna relevant bachelor kan vurderast ved relevant erfaring erfaring frå første- eller andrelinje barnevern er ønskeleg god skriftleg og munnleg framstillingsevne førarkort klasse B Vi søker deg som: arbeidar strukturert og målretta, både sjølvstendig og i team har god relasjonskompetanse og evne til fagleg refleksjon utfører arbeidet med respekt for barn og deira familiar har gode samarbeidsevner, arbeidar løysingsorientert og er trygg i møte med komplekse situasjonar tek barns medverknad på alvor har god arbeidskapasitet og handtera høgt arbeidstempo, samtidig som du har god oversikt tek ansvar for eigne oppgåver og deltek aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremjande arbeidsmiljø har gode IKT-kunnskapar og handterer dokumentasjonsarbeid i digitale fagsystem på ein strukturert og nøyaktig måte Vi tilbyr: rettleiing – både individuelt og i gruppe fagleg utvikling og gode moglegheiter for kompetanseheving/vidareutdanning eit sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer fleksibel arbeidstid rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,- gode pensjonsordningar Krav om gyldig politiattest før start i stillinga. Du søker elektronisk. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, eller kulturell bakgrunn. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.