About this role
Arbeidsoppgåver: Delta i systematisk- og forefallande vedlikehald av maskinpark, utstyr og bygg ved vår vedlikehaldsavdeling. Bygging av maskiner og utstyr. Oppfølging av rutiner og dokumentasjon på utført arbeid. Kvalifikasjonar: Utdanning innanfor mekanikk, men også personar med annan teknisk bakgrunn kan bli vurdert. Relevant erfaring kan heilt eller delvis kompensere for manglande utdanning. Erfaring innanfor drift og vedlikehald i produksjonsbedrift er ein fordel, men også nyutdanna vil bli vurdert. Erfaring / kunnskap om programmering av pls er ein fordel. Norsk, muntleg og skriftleg. Du er strukturert, systematisk og har god ordenssans. Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Vilje til å stå på når det trengs, også utanom normal arbeidstid. Vi tilbyr: Triveleleg arbeidsmiljø Konkurransedyktige betingelser Gode pensjons- og forsikringsordninger. Om arbeidsgiveren: Sandella Fabrikken AS i Sykkylven, er ein av Europas mest anerkjente produsenter av fleksibelt polyurethanskum til møbelindustrien med ei omsetning på ca. 90 millioner i 2025, og med eksportandel på over 50%. Vår kundeportefølje inneheld alt i frå dei største møbelprodusentane i USA og Europa, til mindre nisjebedrifter med hovedfokus på komfort og design. I tillegg har vi ein mindre produksjon av deler til oppdrettsnæringa. Fabrikken i Sykkylven er også hovedkontor og kompetansesenter for konsernet, og her har vi i tillegg ei mekanisk avdeling for produksjon av komponentar i stål og aluminium, samt utstyr til oppdrettsnæringa. Vi har også produksjonsavdelinger i Sverige og Litauen som i hovudsak leverer lokalt i sine områder. I konsernet inngår også Shape AS som har 3D-modellering, prototyper, produktutvikling, reverse-engineering, og formproduksjon som sine fagfelt.