Now hiring

Helgestilling - miljøarbeidar @ KVAM HERAD MIKKJELSFLATEN OMSORGSBUSTADER

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me søkjer ein engasjert miljøarbeidar til fast helgestilling med oppstart frå snarast/etter avtale. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg. Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende. Du får arbeida i den nyoppretta avdelinga i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid. Arbeidsoppgåver Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø Leggja til rette for meistring og god livskvalitet Planleggja og gjennomføra aktivitetar Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon Du må interesse for fagfeltet psykisk helse Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Evne til å byggja gode relasjonar Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte Gode samarbeidsevner Arbeider godt sjølvstendig og i team Vi tilbyr Ei variert og meiningsfull deltidsstilling i nyoppretta avdeling Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898 ArbeidsstadRokabrekka 1 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5169201821 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores