Now hiring

Assistent @ Employer

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Gossen barne- og ungdomsskole søker fast 100% språkassistent i skole og SFO Språkkunnskap: Ukrainsk Arbeidsoppgåver Følgje opp minoritetsspråklege elevar med behov for fagleg, emosjonell og sosial støtte gjennom skole- og SFO-kvardagen. Høyre til i laget rundt eleven og samarbeide om ei heilskapleg opplæring. Samarbeide tett med pedagog om tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa. Hjelpe minoritetsspråklege elevar slik at dei opplever å bli inkludert og høyre til Krav til søkar God på relasjonar og samhandling Strukturert og har ei positiv haldning Har endringskompetanse Er utviklingsorientert og løysingsorientert Har god datakunnskap Kan bruke nynorsk som målform Kan kommunisere, samarbeide og vere fleksibel Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff. Flyttegodtgjersle Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar. Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykolog fokus på tilknytingspsykologi. Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar. Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede. Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Kontaktperson for stillinga: Heidi Falkhytten tlf. 995 32 262 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune. Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores