Now hiring

Lærar i 100% midlertidig stilling @ GOSSEN BARNE- OG UNGDOMSSKOLE AVD SKOLE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Gossen barne og ungdomsskole søkjer lærar i midlertidig stilling Arbeidsoppgåver Stillinga er knytta til undervisning. Det er ønskeleg med undervisningskompetanse i norsk og/ eller norsk for framandspråklege. Det er og ein fordel om du har spesialpedagogikk. Krav til søkar Formelle krav til stillinga finn ein i forskrift til opplæringslova, tilsettings- og kompetansekrav for grunnskolelærar Du er god på relasjon, klasseleiing og samarbeid med heimen Du er fagleg trygg og har gode samarbeidsevner Du er utviklingsorientert og løysingsorientert Du har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy Du kan å bruke nynorsk som målform Personlege eigenskapar Du kommuniserer godt, samarbeider og er stabil Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane Du er systematisk og strukturert Du har høge ambisjonar for kvar elev Du er positiv, fleksibel og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker. Vi tilbyr På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv. - Gode pensjons- og forsikringsordningar - Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff - Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning - Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk Særskilte krav Det blir stilt krav om politiattest Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader Søkarliste Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune. Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores