About this role
I Surnadal kommune har vi behov for tilkallingsvikarar i grunnskulane og ved vaksenopplæringa. Vi har behov for tilkallingsvikarar på kort varsel ("ringevikarar") som kan stå på vikarliste hos oss. Vi søkjer etter deg som har pedagogisk kompetanse og alle fag er aktuelle. Det er viktig at det går fram av søknad/søknadstekst kva fag du har. Vi vil ta kontakt med aktuelle søkarar fortløpande. Det er krav om å levere tilfredsstillande politiattest før tilsetting. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader. Kontaktperson Surnadal barne- og ungdomsskule og vaksenopplæring: Grunde Walset, einingsleiar, tlf. 99279661 Kontaktperson Mo oppvekstsenter, Todalen og Stangvik oppvekstsenter og Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter: Gro Kvammen Sæter, einingsleiar, tlf. 92040465 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Einingsleiar er Linda Aasbø Kvande. Ho er også styrar i barnehagen. Skulen Mo skule ligg fint plassert mellom åker og eng ca.15 km nord for Skei sentrum, på same område som Mo barnehage. Skulen er ein del av Mo oppvekstsenter og har ca 35 elevar frå 1.-7. trinn. Barnehagen Barnehagen ligg vegg i vegg med skulen og er ein del av Mo oppvekstsenter. Vi har ei småbarnsavdeling med 9 plassar i alderen 0-3 år og ei storbarnsavdeling med 18 plassar i alderen 3-6 år. Oppvekstsenteret er omkransa av flotte friområde, med gangavstand til elv og skog. Vi har eit friluftsområde som vert flittig bruka til turar. Samstundes brukar vi nærmiljøet vårt aktivt gjennom året.