Now hiring

Fagkoordinator @ Nav

KleppestøOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å koordinere, samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy!Nav Askøy har ledig fast stilling som fagkoordinator i avdeling Arbeidsliv. I avdelinga arbeider vi med sjukefråværsoppfølging, arbeidsretta oppfølging og oppfølging etter sosialtjenesteloven, hovudsakleg til personer over 30 år. Vi har også overordna ansvar for gruppetiltaka i kontoret og back-office. Som fagkoordinator vil du inngå i, og ha fagleg ansvar for fagteama for oppfølging av sjukefråvær og arbeidsretting. Du vil også bistå heile kontoret i faglege spørsmål og avklaringar. 50% av stillinga vil innebere oppfølging av brukarar.På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vårt kontor har 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Vi held til i nye, aktivisertbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy. Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores