About this role
Vil du prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her lærer du alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer - med betaling!To gongar i året tar NRK inn fem talentfulle nynorskpraktikantar, som får opplæring og praksis i journalistikk på alle plattformer. Praktikantperioden er på seks månadar, der dei fire første månadane er i NRK i Førde og dei to siste i ein annan redaksjon i NRK.Du treng ikkje utdanning eller erfaring med journalistikk, for vi ser først og fremst etter talent og potensial. Du får løn i heile perioden.Vi ser rett og slett etter deg som er nynorskbrukar, samfunnsengasjert og har talent for journalistikk!