About this role
Koordinator for Marknadsteamet i Nav region SognOm Nav region SognNav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen. Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng.Vil du vere med å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet?Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal.