Now hiring

Helsesjukepleiar @ Herøy kommune, Seksjon førebyggjande

FosnavågOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helsesjukepleiar 100 % vikariat med moglegheit for fast tilsetjingVil du vere med og bidra til god helse, meistring og trivsel for barn og ungdom?Herøy kommune har ledig eit 100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta frå snarast og fram til 19.06.2027, med moglegheit for fast tilsetjing.Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein viktig del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn og unge. Som helsesjukepleiar vil du arbeide i både barne- og ungdomsskule og vere ein viktig støttespelar for elevar, føresette og samarbeidspartnarar.Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule og ungdomsskule, men oppgåver kan bli endra innanfor område som ligg til seksjonen.Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon psykisk helse og rus og seksjon rehabilitering. Seksjonen har 10 årsverk.Herøy kommune nyttar BTS-modellen (Betre tverrfagleg samhandling) som er eit sentralt verktøy i kommunen sitt daglege arbeid og i det kontinuerlege utviklingsarbeidet av tenestene.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores