Now hiring

Off. godkjent helsefagarbeidar @ Ørsta kommune

VartdalOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ved Vartdal helsetun har vi for perioden d.d.-31.08.2027 ledig vikarstilling for off. godkjent helsefagarbeidar. Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen. Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting. Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og samarbeid, som har eit godt humør og evne til å arbeide i eit miljø prega av omstilling og utfordringar. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team.Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på tvers av avdelingar etter behov.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores