About this role
100 % fast stilling som barnehagelærar ved Nørve barnehage frå dags dato.Nørve barnehage ligg sentralt i midtre bydel, med kort veg både til byfjellet og fjøra. Dette gir oss unike moglegheiter til å vere mykje ute på tur.Språk og leik er viktige satsingsområder, og vi har også eigne mål for alle kvardagsaktivitetar. Barnehagen har lyse og trivelege lokale, samt eit variert uteområde med mellom anna grillhytte og akebakke. Hos oss møter du små og aldersdelte barnegrupper og eit engasjert, stabilt personale som brenn for å kombinere leik, omsorg og læring. Vi har eit godt arbeidsmiljø og fornøgde foreldre – på Nørve trivst både små og store!