About this role
Ynskjer du å bidra til tryggleik, livskvalitet og gode dagar for bebuarane ved Herøy omsorgssenter?Vi har to ledige vikariat ved langtidsavdelinga på Herøy omsorgssenter og søkjer etter engasjerte og fagleg dyktige helsefagarbeidarar som vil vere med og styrkje tenestene våre.Stilling 1: 80 % vikariat3-delt turnuslangvakter på 12,5 timararbeid kvar 4. helgStilling 2: 93 % vikariat2-delt turnusarbeid 4 av 12 helgerBegge stillingane er ledige frå 30. november 2026 til januar 2028.Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar:seksjon raud: somatisk sjukeheimseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassarseksjon grøn: somatisk sjukeheimsseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassarseksjon blå: seksjon for personar med demensFrå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon.Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre.Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.Den nye seksjonen vil ha ansvar for:30 langtidsplassarheilskapleg pleie- og omsorgstilbod til bebuaranetverrfagleg samarbeid og fagutviklinggod ressursutnytting og effektiv drifteit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidaraneVi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.