About this role
Vi ser etter ein ny overstyrmann til sambandet Lote-Anda I dag trafikkerer MF Gloppefjord sambandet. Her får du ein familievenleg turnus med mykje fri, der du går 2 veker på 3 veker av. Sambandet var Noregs fyste heilelektriske samband. Vi tilbyr attraktive velferdsordningar, god pensjonsordning og konkurransedyktig lønn. Som overstyrmann vert du leiar for dekksavdelinga og ein viktig bidragsyter til at passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga krev at du er strukturert, løysningsorientert og fleksibel. Det er fem skift på Gloppefjord, og du vert ein del av eit engasjert og dyktig mannskap. Fjord1 har bolig til disponering i nærleiken av sambandet. Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling Ettersyn på navigasjonsutstyr Oppgåver iht alarminstruks Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk Opplæring, utvikling og trening av personell At mannskapet har riktig verneutstyr At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte At kommunikasjonsutstyr er i orden At billettering og kontroll vert utført At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat GMDSS/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi leiter etter ein erfaren og dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Attrakive velferdsordningar. Skiftordning: 2 veker på, og 3 veker av. KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, [email protected] Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5172458934 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.09.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.