Now hiring

SFO-medarbeidar @ ORRE SKULE SFO

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg! Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027. Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg. Arbeidsoppgåver Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna: Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute Bidra til eit godt og inkluderande miljø Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Personlege eigenskapar Er trygg, positiv og omsorgsfull Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet Er engasjert og tek initiativ Er fleksibel og samarbeider godt med andre Har gode relasjonelle ferdigheiter Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Moglegheit til å kombinere arbeid med studium Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna Kontaktinformasjon Mariann Østerhus, Leiar SFO, 95076575 Kenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216 Arbeidsstad Roslandsvegen 366 4343 Orre Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5168062489 Stillingsprosent: 40% Vikar Søknadsfrist: 08.09.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores