About this role
Fjaler sjukeheim har ledig ei 100 % fast sjukepleiarstilling og søkjer etter fagleg sterke og motiverte medarbeidarar som å ynskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre. Vi har og ledige vikariat grunna svangerskapspermisjon. Sjukeheimen har årsturnus over 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det er også mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg – denne ordninga er per no frivillig. I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at tilsette skal få nye oppgåver og meir ansvar, og at sjukepleiarar på sikt får arbeide meir systematisk med sjukepleiarfagleg kompetanse. Samstundes ser vi på framtidige løysingar for teamarbeid i kommunen. Vårt mål er å yte gode tenester. Vi har varierte og spanande arbeidsoppgåver, både for nyutdanna og for deg med lang erfaring. Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg, er engasjert i fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ønskjer å bidra til at bebuarane våre har eit godt liv på sjukeheimen. Arbeidsoppgåver Delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåver blir utførte på ein smidig og god måte Sjukepleiefaglege vurderingar og dokumentasjon Sikre fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og godt samarbeid med andre einingar Rettleiing og fagleg støtte til kollegaer og studentar Arbeide kunnskapsbasert Bidra til fagleg utvikling og forbetringsarbeid Tverrfagleg samarbeid Vere ein god rollemodell Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Sjukepleiarstudentar som er ferdige januar 2027 kan også søkje stillinga Politiattest samt godkjend MRSA- og tuberkulinattest må leggjast fram før tiltreding God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Engasjement for eldreomsorg Fleksibel og med gode samarbeidsevner Evne til å arbeide sjølvstendig Ansvarsbevisst og løysningsorientert God kommunikasjonsevne Positiv og med godt humør Fagleg engasjert Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr Introduksjonsprogram med fadderordning Løn etter utdanning og erfaring Kr 35 000 i fast tillegg (alltid på topp) Støtte og tilrettelegging for vidareutdanning Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Fjaler sjukeheim har totalt 35 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg. Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta. Sjukeheimen har starta opp med arbeid knytt til oppgåvdeling – TØRN. Våre tenester vert tilpassa for å møte framtida sine behov, og vi har mange spanande oppgåver.