About this role
Er du psykiater eller snart ferdig med spesialiseringa og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig fast stillingar for overlege i psykiatri ved Ambulante tenester akutt psykisk helse Ålesund. Oppstart frå snarast eller etter avtale. Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre er ei av seks avdelingar i Klinikk for psykisk helse og rus. Avdelinga tilbyr desentraliserte tilgjengelege og samanhengande spesialisthelsetenester. I samarbeid med kommunane på Sunnmøre, som er opptaksområdet for vår avdeling, vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til å meistre eige liv. Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og stor grad av brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom seksjonane, med høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for medarbeidarane. Ambulante tenester akutt psyksik helse Ålesund tilbyr utgreiing, diagnostisering og behandling i pasienten sitt heimemiljø. AHT er ein del av spesialisthelsetenesta sitt akuttpsykiatriske tilbod for vaksne. Teamet er lokalisert på Ålesund sjukehus. AHT er tverrprofesjonelt sett saman av spesialistar i psykiatri, psykologi, sjukepleiarar og sosionomar med vidareutdanning og ein merkantil ressurs. AHT er eit frivillig behandlingstilbod der heimebehandling kan vere eit alternativ til akuttinnleggelse i psykiatrisk døgnavdeling. Brukarperspektivet står sterkt når ein får behandle pasientar i heimemiljøet. Ettersom psykiske kriser kan oppstå som følge av ein kombinasjon av medisinske, sosiale og miljømessige faktorar, får ein god oversikt over dette når ein behandlar pasienten i heimen. Psykiater vil også ha faglig ansvar for pasientar på TUD og dom. Vi gir tilbod til pasientar med til dømes psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og personlegdomsproblematikk. Pasientane vert søkt inn frå fastlegar, legevakt, kommunale tenester eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten. Arbeidsoppgåver Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid Deltaking i bakvaktordning Faglig ansvar for pasienter på TUD og dom Kvalifikasjonar Overlege i psykiatri med norsk autorisasjon LIS 2/3 som nærmar seg ferdig med spesialiseringa kan også søke Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri, gjerne ambulant, men det er ikkje ein føresetnad Meistre norsk både skriftleg og munnleg Førerkort Personlege eigenskapar Nytenkjande og endringsorientert Gode kommunikasjonsevner både med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team Har ei fleksibel haldning Lagspelar Evne til å arbeide på tvers av ulike fagmiljø Evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar Personleg eignaheit vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her . KontaktinformasjonÅse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, +47 70 10 65 33, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5164056098 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal