Now hiring

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar 100 % fast stilling, som sjukepleier i stab @ SYKKYLVEN KOMMUNE BUAS INSTITUSJON

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein viktig del av vårt team som sjukepleiar ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter? Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved BUAS, eit moderne og triveleg omsorgssenter med totalt 83 plassar fordlet på 5 avdelingar. To spesialisert på demens omsorg, 1 institusjon, medan to tilbyr heildøgns omsorg og institusjon. Kva tilbyr vi? Ei spennande og variert stilling der 60 % av tida er i stab med ansvar for tenester på tvers av alle avdelingar, og 40 % arbeid direkte i avdeling. Turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på 12,5 timar, og arbeid kvar 4. helg – helgene og langvaktene er knytt til stabfunksjonen. Ein arbeidsplass der du kan gjere ein stor forskjell for menneska i lokalsamfunnet, i eit støttande og fagleg sterkt miljø. Er du klar for nye utfordringar i eit meningsfullt yrke? Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag. Undervisning/opplæring av fagarbeidarar og andre sjukepleiarar Kvalitetsarbeid: opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar. Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). Evne til å halde seg fagleg oppdatert Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling Personlege eigenskapar Brenn for kvalitet og fagleg utvikling Har evne til å sjå heilheita, arbeide strukturert og bidra til gode system og rutiner Trygg og tydeleg fagperson som kan veilede, motivere og støtte kollega Har gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfagleg Kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg Er løysningsorientert, fleksibel og ser moglegheiter og utfordringer Tek initiativ og tek ansvar for å følgje opp faglege prosessar og forbetringsarbeid Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Fagleg sterkt miljø, og med godt samarbeid med sjukeheimslegen Rekrutteringstillegg til nytilsette Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , [email protected] ArbeidsstadHaugneset 16 6230 SYKKYLVEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5133873833 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores