About this role
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Vi søker etter ein sjukepleiar/vernepleiar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har fokus på individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato. Arbeidsoppgåver fylgje opp medisinske tiltak ordinert av lege fagleg ansvar for legemiddelhandtering utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar pleie- og omsorgsoppgåver miljøterapeutisk arbeid og personsentrert omsorg observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk bidra til ein strukturert, trygg og forutsigbar kvardag bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø samarbeid med pårørande bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica gode norsk-kunnskapar, munnleg og skriftleg Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Personlege eigenskapar du vert motivert av faglige utfordringer i møte med personer med demens du tek tek ansvar for eigne oppgåver, og sikrar at dei blir utført på ein god måte du kommuniserer klart og tydeleg, både med pasientar, pårørande og kollegaer du er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene dine samvitsfullt du har evna til å handtere utfordrande situasjonar, roleg og profesjonelt du bidreg til å finne gode personsentrerte løysingar og støttande miljøtiltak du møter pasientar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar du er trygg, rolig og forutsigbar i møte med personar med demens, samt god til å bygge tillit du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr eit faglig sterkt og støttande arbeidsmiljø varierte og meiningsfulle arbeidsoppgaver årsturnus løn etter gjeldande tariffavtale pensjon og forsikringsordning gjennom KLP fagdag i turnus elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonSissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028 ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5C 6092 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5170754380 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 16.09.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !