Now hiring

Sjøvakt 2:2 turnus @ FJORD1 AS

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker no etter ein skipsmotormekanikar som kan styrke mannskapet på eitt av landets største ferjesamband, Arsvågen-Mortavika. I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri, ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av rederiet. Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjefen, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og byggje kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen. Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste). Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld stillinga. Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks. Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr. Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord. Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift. Alterneringsplikt mellom dekk og maskin. Bidra til at fartøyet oppnår sine målsettingar, herunder ISO 50001 og fartøyets seemp-mål. Kvalifikasjonar Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Ferdighetssertifikat skipsmotormekaniker Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF Krise- og passasjerhandtering FSE Gyldig helseattest Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Personlege eigenskapar Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet. Sjøvakt 2 veker på og 2 veker fri. Treningsrom om bord i fartøyet Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode. Ein bur ombord i arbeidsperioden. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] Arbeidssted E39 5561 Føresvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5170393662 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.09.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores