Now hiring

Vikariat helsefagarbeidar @ HERØY OMSORGSSENTER

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ynskjer du å bidra til tryggleik, livskvalitet og gode dagar for bebuarane ved Herøy omsorgssenter? Vi har to ledige vikariat ved langtidsavdelinga på Herøy omsorgssenter og søkjer etter engasjerte og fagleg dyktige helsefagarbeidarar som vil vere med og styrkje tenestene våre. Stilling 1: 80 % vikariat 3-delt turnus langvakter på 12,5 timar arbeid kvar 4. helg Stilling 2: 93 % vikariat 2-delt turnus arbeid 4 av 12 helger Begge stillingane er ledige frå 30. november 2026 til januar 2028. Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar: seksjon raud: somatisk sjukeheimseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassar seksjon grøn: somatisk sjukeheimsseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassar sekson blå: seksjon for personar med demens Frå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon. Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane. Den nye seksjonen vil ha ansvar for: 30 langtidsplassar heilskapleg pleie- og omsorgstilbod til bebuarane tverrfagleg samarbeid og fagutvikling god ressursutnytting og effektiv drift eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidarane Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter. Arbeidsoppgåver individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver til bebuar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid) utarbeide og følgje opp tiltaksplanar dokumentasjon etter gjeldande lovverk samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som helsefagarbeidar erfaring frå liknande arbeid er ein fordel gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknadenPersonlege eigenskapar tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver har fokus på heilskaplege pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup fagdag i turnus Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonCecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +47 97020582 ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5A 6092 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5170725102 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 30.11.2026 Sluttdato: 16.01.2028 Søknadsfrist: 16.09.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores