Now hiring

Daglig leder @ GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kven skal leia dei neste 20? DAGLEG LEIAR – GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS 54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20? Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg. No skal me vidare. Du har truleg ein god jobb alt. Bra. Me er ikkje ute etter nokon som berre treng ein ny. Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Og me leitar ikkje etter ein klassisk administrator. Helst er du ingeniør. Men endå viktigare: Du tenkjer som ein. Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok. Den skal kunne produserast, leverast – og prosjektet skal tene pengar. Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, folk, økonomi, kundar, prosjekt og resultat. Du skal leie og vidareutvikle selskapet, sikre nye oppdrag, følgje opp større prosjekt, utvikle organisasjonen, prioritere kapasitet og sikre kvalitet og gode arbeidsprosessar. Me ser helst at du har bakgrunn frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø. Ingeniørutdanning innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande vil vere svært relevant. Men vitnemålet åleine interesserer oss lite. Det er kva du har vist at du kan få til som tel. Du kan vere dagleg leiar i dag. Men du kan òg vere teknisk sjef, produksjonssjef, prosjektleiar eller avdelingsleiar – og vere klar for meir ansvar enn tittelen din gir deg. Hos oss er avstanden mellom avgjerda di og konsekvensen kort. Du får mandat. Då får du òg konsekvensane. Det er meir krevjande. Det er heile poenget. Me tilbyr reell påverknad, korte avgjerdsvegar, tett samarbeid med eigar og gode pensjons- og forsikringsvilkår. Les meir først: gjeraldstveit.no/stillinger Ikkje send CV enno. Er du nysgjerrig, ring Narve Gjeraldstveit på 41 67 80 80. Du treng ikkje ha bestemt deg for å byte jobb. Det held at du byrjar å lure på om du burde. Om arbeidsgiveren: Gjeraldstveit Mekaniske AS har arbeidd med stål sidan 1972 og har gjennom to generasjonar utvikla seg frå tradisjonelt stålarbeid til ein moderne leverandør av stålkonstruksjonar og spesialløysingar. Selskapet har eigen ingeniørkompetanse og arbeider med prosjekt innan mellom anna samferdsel, kunst og kultur, energi, teknologi og produksjon, trapper og rekkverk og andre stålkonstruksjonar. Prosjektering, produksjon og montasje heng tett saman, med korte avstandar mellom dei som utviklar løysingane og dei som byggjer dei. Gjeraldstveit Mekaniske AS er ein del av Gjeraldstveit-konsernet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores