Now hiring

Barne og ungdomsarbeider i SFO @ FAU VED LYE SKULE

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

SFO på Lye skule treng fleire med på laget. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god kvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera ein viktig fagperson som i tett samarbeid med kollegaer arbeider for at kvar enkelt elev blir teken på alvor og sett kvar dag. SFO på Lye skule har i dag 115 elevar og 11 tilsette i ulike typar stillingar. Hos oss har me fokus på leik, inkludering og vennskap, samt trivsel blant både vaksne og barn. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil få ansvar for å følgje opp elevar enkeltvis og i større grupper, drive aktivitetar og bidra i daglege gjeremål i SFO. Kvalifikasjonar Barne- og ungdomsarbeider, med erfaring innan skulefritidsordning. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Me tilbyr 27% fast stilling i SFO. Timane vil vera fordelt på tre ettermiddager. Ønskeleg med snarleg oppstart. Intervjuer fortløpande. Gode pensjonsordningar Løn etter tariff Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonIselin Stangeland, Leiar Sfo, 95107964, [email protected] ArbeidsstadKvartsvegen 5B 4347 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5171836310 Stillingsprosent: 27% Fast Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 11.09.2026 Om arbeidsgiveren: "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores