Now hiring

Byggeleiar – bruprosjekt @ MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE SAMFERDSELSOMRÅDET LOKASJON KR.SUND

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer inntil to byggeleiarar til fleire spennande bruprosjekt i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har ei omfattande bruportefølje, med fleire vedlikehalds- og utbyggingsprosjekt dei kommande åra. Planlagde oppstartar inkluderer mellom anna Åndalsnesbrua, Grøttabrua, Strandgatebrua og Rundebrua. I tillegg har vi ei rekkje prosjekt i planleggingsfasen. Prosjektorganisasjonen er i vekst, og vi styrkjer no bemanninga med byggeleiarar innan bru. Du vil inngå i eit fagleg sterkt bruteam saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande. Stillinga rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar har ansvar på porteføljenivå, medan byggeleiar følgjer opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og gjennomføringsfasen. Du kan velje kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Stillinga inneber ein del reiseverksemd i fylket. Fylkesvegavdelinga har eit stort og samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet. Vegprosjektseksjonen har om lag 50 tilsette med kompetanse innan prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Dette omfattar mellom anna byggherreorganisasjonar for veginvesteringar, Bypakke Ålesund, Remøybrua, tunneloppgraderingar, samt ei rekkje bru- og ferjekaiprosjekt. Arbeidsoppgåver - Leie eigne prosjekt med ulik storleik og kompleksitet - Følgje opp prosjekt i alle fasar: planlegging, prosjektering, anskaffing, gjennomføring og overlevering - Sikre gjennomføring i tråd med mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet - Rapportere til prosjektleiar og bidra i styring av prosjektporteføljen - Samarbeide tett med byggeleiarar, kontrollingeniørar og andre fagressursar Kvalifikasjonar - Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag - Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning - Erfaring med teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel - Kjennskap til stål- og betongkonstruksjonar, samt grunnarbeid og anleggsprosjekt er ønskjeleg - God digital kompetanse - Førarkort klasse B Personlege eigenskapar - Gode samarbeidsevner og evne til å involvere relevante aktørar internt og eksternt. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne - Løysingsorientert og utviklingsdriven - Strukturert og målretta arbeidsform - Evne til å ta ansvar og sjå behov Vi tilbyr - Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø - God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring - Løn etter avtale Kontaktinformasjon Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, [email protected] Hallvard Rangnes, Prosjektleiar prosjekt bru, 91700579, [email protected] Arbeidsstad Borgundvegen 340 6009 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5171249232 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling. FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25. Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores