About this role
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar. Stillinga har kontorstad Ålesund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier. Arbeidsoppgåver- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket. - Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing. - Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga. - Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter. - Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet. - Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen. - Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga. Kvalifikasjonar- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande). - Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar. - God kjennskap til digitale verktøy - Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM - Førarkort klasse B Personlege eigenskapar - Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar. - Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg - Utviklings- og løysningsorientert - Arbeide nøyaktig og målretta - Sjå behov og ta ansvar Vi tilbyr- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø - God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring - Løn etter avtaleKontaktinformasjonRagnhild Holen Relling, Prosjektleiar store bruprosjekt , 47892170, [email protected] Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, [email protected] ArbeidsstadBorgundvegen 340 6009 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5171263284 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling. FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25. Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)