About this role
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Surnadal på Nordmøre? Vi søker tannpleiar i eitt års vikariat fra 1.8.2026. Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette. Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som tannpleiar. God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg. Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar Blir motivert av å jobbe for og med menneske. Jobbar effektivt og sjølvstendig. God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert. Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø. Vi tilbyr Ein god jobb der du kan utvikle deg Lønn etter tariffavtale Oppdatert og fin tannklinikk Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse Trivelege medarbeidarar og godt miljø Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonTone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadØyatrøvegen 18 6650 Surnadal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5172131139 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 21.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no) Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske? Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper? Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit? Tannklinikkane våre (mrfylke.no) Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!