About this role
Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi tilbyr biobanking og forskingsstøtte til interne og eksterne forskingsmiljø, og er ein viktig samarbeidspartnar for forsking ved sjukehuset. Seksjonen består av ni engasjerte medarbeidarar, og vi søker no etter ein vikar i samband med svangerskapspermisjon. Biobank Haukeland spelar ei sentral rolle i forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Vi disponerer moderne og avansert utstyr for biobanking, og samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken for å tilby heilskaplege løysingar innan forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Vi har eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge. Målet vårt er å sikre høg kvalitet på forskingsprøvar og analysar gjennom rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og trygg lagring av biologisk materiale. Vi ser etter deg som er engasjert, strukturert og løysningsorientert. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver, arbeider sjølvstendig og tek ansvar, samtidig som du er ein god lagspelar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der kvalitet, samarbeid og service står i sentrum. Du blir ein del av eit team som legg til rette for viktig forsking og kunnskapsutvikling til nytte for pasientar og helsetenesta. Arbeidsoppgåver Delta i den daglege drifta og bidra til praktisk gjennomføring av forskingsprosjekt Delta i blodprøvetaking av pasientar og deltakarar i forskingsprosjekt Prosessere og handtere biologisk materiale i tråd med krav og prosedyrar i forskingsprosjekt og kliniske studiar Betene robot for automatisert prøvefordeling Setje seg inn i forskingsprotokollar og halde seg oppdatert på gjeldande prosedyrar, retningslinjer og kvalitetskrav Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga ved behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør Erfaring frå preanalytisk arbeid er ønskeleg God munnleg munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar Du trivst i eit dynamisk arbeidsmiljø og handterer fleire oppgåver samtidig Du er fleksibel og taklar periodar med høgt arbeidstempo på ein god måte Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og løysingsorientert i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar Du er strukturert, punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst Du arbeider godt både sjølvstendig og som del av eit team Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobb Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Stillinga er ei dagstilling Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnn Cathrine Kroksveen, Seksjonsleiar, 55975855, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5163392497 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 14.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.