About this role
Er du handverkskyndig, nøyaktig og klar for å gje kundane våre draumekjøkkenet sitt? Hva vi ser etter Vi ser etter deg som er stolt av jobben du gjer og som ønskjer å vere ein del av eit lag der alle bidreg til sluttresultatet. Har praktisk bakgrunn og interesse for faget Er nøyaktig og tek ansvar for kvaliteten på arbeidet ditt Ønskjer å lære og utvikle deg Bidreg godt i arbeidsmiljøet Gjerne har erfaring frå trevareproduksjon, møbelproduksjon eller CNC Arbeidsoppgaver Som produksjonsarbeidar blir du ein del av laget som produserer våre skreddarsydde kjøkken før dei blir leverte til kunden. Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, nøyaktig og likar å skape noko med hendene. Vi tilbyr Fast jobb i ei solid og lokal familiebedrift Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår Tenestepensjon og ordna arbeidstid Varierte arbeidsdagar og gode kollegaer Høve til å jobbe med skreddarsydde produkt der kvalitet og godt handverk står i sentrum Om arbeidsgiveren: Bjarne Espe Trevarefabrikk AS (kjend for Nordfjordkjøkkenet ) i Hjelmelandsdalen er ei tradisjonsrik bedrift med snart 80 års erfaring innan kvalitetshandverk. Om bedrifta Etablert: Starta i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen i 1948. Produksjon: Eigen produksjon, og sel direkte til sluttkunde. Produkt: Skreddarsydde kjøkken, bad, garderober og vaskerom -- frå klassisk og herskapeleg til supermoderne. Kjenneteikn: Høg kvalitet, ferdig samansette modular og skreddarsydde løysingar tilpassa kunden sine draumar.