Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar 100% vikariat Skodje barnehage @ SKODJE BARNEHAGE

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Skodje barnehage har ledig 100% vikariat for Barne- og ungdomsarbeidar i i perioden 28-.09.26-31.07.27 Arbeidsoppgåver Stilling som fagarbeidar inneber arbeid med barn i alderen 0-6 år, jmfr Barnehageloven og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver Fagarbeider arbeider i team med pedagogar og andre fagarbeidarar Vi leiter etter deg som kan jobbe i tråd med forventningane under: Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn. Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa. Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe. Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor dei rammene ein har blitt einige om. Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid. Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt. Kvalifikasjonar Fagbrev Barne- og ungdomsarbeidarfaget Godkjent politiattest Gode norskkunnskapar jfr krav i Barnehageloven Gode IKT-kunnskaper til dagleg bruk i prosjektarbeid og dokumentasjon Personlege eigenskapar Vi søker ein medarbeidar som har evne til å: vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring arbeide sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen vere ein pådrivar både i det praktiske og faglege arbeidet helde deg oppdatert på det som skjer på arbeidsplassen vere bidragsyter på personalmøter og planelggingsdagar, og ønske personleg utvikling reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov syne handlekraft, organiserer og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus sette deg personelege mål og vere synleg i gruppa samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartar vere ein inkluderande medarbeider og bidra til godt arbeidsmiljø kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig. Personlege egenskaper vert tillagt stor vekt. Vi tilbyr Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader. Løn etter gjeldande tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Godt arbeidsmiljø med engasjerte og positive medarbeidarar KontaktinformasjonJanne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569 ArbeidsstadVallemyrane 3 6260 Skodje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5170863108 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 28.09.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 13.09.2026 Om arbeidsgiveren: Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund. Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der. Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores