Now hiring

Klinikkleiar ved Kristiansund kompetanseklinikk @ TANNHELSETENESTA I KRISTIANSUND

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker ein tydeleg og engasjert leiar med gode samarbeidsevner til Kristiansund kompetanseklinikk. Arbeidsoppgåver Som klinikkleiar får du ansvar for drift og utvikling av klinikken, med personal-, HMS- og fagansvar. Du skal motivere og leie eit breitt samansett tannhelsefagleg miljø, sikre godt samarbeid internt og eksternt, og bidra til ei framtidsretta tannhelseteneste i tråd med samfunnsoppdraget. Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, med gode høve for fagleg utvikling. Stillinga kombinerast med klinisk verksemd. Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Klinikken har f.t. 8 tannlegar, 3 tannpleiarar, 6 tannhelsesekretærar og 4 assistentar, samt spesialist i oralkirurgi. Kvalifikasjonar Autorisasjon som tannlege. Klinisk erfaring og gode faglege kunnskapar om behandlingsprinsipp og førebygging. God forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit. Ønskeleg med relevant leiarerfaring. God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg. Digital kompetanse og tilpassingsevne i møte med nye teknologiske løysingar og arbeidsprosessar. Personlege eigenskapar Du er ein løysingsorientert teambyggar med evne til å leie, motivere og bygge tillit. Du er resultatorientert, strukturert og med evne til strategisk og langsiktig tenking. Du har endringsvilje, er utviklingsorientert og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Vi tilbyr Gode høve for fagleg utvikling, både odontologisk og innanfor leiing. Ny og moderne tannklinikk. Lønn etter avtale. Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse. Trivelege medarbeidarar. Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg. Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP. KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadFosnagata 12 6509 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5172091344 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25. Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske? Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper? Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit? Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores