About this role
Føde- og gynekologisk avdeling søkjer jordmor som ønskjer å vidareutdanne seg innan ultralyd. Utdanninga er eit fulltidsstudium på 60 studiepoeng ved NTNU i Trondheim, med søknadsfrist 15. september 2026 og oppstart i januar 2027. Som ultralydjordmor arbeider du dagtid i vekene på poliklinikken og kvar tredje helg på føde-/barselseininga. Etter fullført utdanning vil du ha stilling både ved gynekologisk eining og føde-/barselseininga, med to års bindingstid. Kva går jobben ut på? Ultralyd av gravide/ screening i poliklinikk. Jordmor i poliklinikk på gynekologisk eining. Jordmor på føde- og barseleininga i helgene. Medansvar for vedlikehald/oppgradering av fagsystem. Medansvar for bestilling av utstyr/varer til avdelinga. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som jordmor. Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem. Bør ha minst to års erfaring som jordmor. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: møter pasientar på ein trygg, respektfull og profesjonell måte. arbeider sjølvstendig, strukturert og nøyaktig kommuniserer godt og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø tek ansvar for oppgåvene dine og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. trivst med ein aktiv arbeidskvardag og held oversikt når det er mykje å gjere Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Permisjon med lønn frå eiga stilling under utdanninga. Støtte til reise og opphald under utdanning i Trondheim. Bindingstid til føde og gynekologisk avdeling. Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. Triveleg arbeidsmiljø. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift). KontaktinformasjonThora-Marit Stokka Karlsen, Funksjonsleiar, +47 41863939 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5172378900 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .