About this role
Poliklinikken (BUP) i Ålesund har for tida ledig eit vikariat for Psykolog Arbeidet er tilknytta generalistteam, og tiltredelese frå snarast, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar, Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost/døgnseksjon og har eit breitt samansett og spanande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. I tillegg til generalistteam har vi eit akutt/ambulant team. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med ein 4-dagars behandlingsmodell), eit spanande fagmiljø for gruppebehandling, sped- og småbarn, samt at vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne gruppa er ei forventa arbeidsoppgåve. Er du nysgjerrig på fagfeltet vårt og kan tenke deg ei stilling som psykolog der du vert ein del av eit godt fagleg fellesskap? Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss! Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad) Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.) Vere deltakande i rettleiing til andre psykologar (t.d rettleiing/supervisjon) Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog, om ikkje ein har oppnådd autorisasjonen må søkjar ha fått lisens som psykolog God erfaring frå arbeid i med barn og unge, enten frå spesialisthelsetenesta eller frå kommunalt arbeid Krav om å meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg Politiattest må leggast fram før tilsetting Personlege eigenskapar Du har evne og vilje til samarbeid og omstilling Du vert kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og du er aktiv deltakar med sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonInger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, [email protected] ArbeidsstadGeilebergvegen 20 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5170010896 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 21.09.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal