About this role
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Medisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR. Behovet er per i dag størst i Kristiansund, men det må reknast med arbeid på Hjelset ut frå driftssituasjonen. Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt tverrfagleg samarbeid. Du vil vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester. Stillinga er hovudsakleg knytt til hjartepoliklinikken, men det kan òg vere aktuelt å delta i undersøkingar og prosedyrar ved lungepoliklinikken. Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert sjukepleiar/spesialsjukepleiar som ønskjer å arbeide med varierte og spennande oppgåver. Du må trivast med både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper. Arbeidsoppgåver Mottak, rettleiing og oppfølging av pasientar Sjølvstendige konsultasjonar innan hjartesvikt, koronarsjukdom og atrieflimmer Assistere ved undersøkingar og prosedyrar Pasientopplæring og formidling av informasjon Andre oppgåver knytte til den daglege drifta ved hjarte- og lungepoliklinikken i Kristiansund Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar Vidareutdanning innan kardiologi eller lunge kan være ein fordel Erfaring fra poliklinikk kan være ein fordel Har interesse for fagområdene hjerte og lunge Personlege eigenskapar Du er ein positiv, strukturert, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar Du har evne til å inspirere og motivere kollegaer, og bidreg aktivt til fagleg utvikling og kunnskapsdeling i teamet Du ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og har eit sterkt engasjement for fagleg utvikling og kontinuerleg læring Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonElin Kjønnø, Konst. seksjonsleiar, +47 92436070 Linn Kristin Svanemsli, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadHerman Døhlens vei 6508 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5170719775 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.03.2027 Søknadsfrist: 11.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal